Gåsøysymposiet går vidare med breitt program

 

Under overskrifta «Utanfor Utsida» går eit nytt Gåsøysymposium av stabelen:

Laurdag 11. august kl 11.00 – 01.00 på Klaape seter i Øvre Svatsum. 

Gjennom foredrag, konsertar og samtaler, set vi fokus på kva det vil seie å leve på utsida av det
etablerte samfunnet: Kva slags moglegheiter og utfordringar gjev det å leve utanfor den grensa som 
er vedteke og akseptert av majoriteten? Kven sit med definisjonsmakta som markerer og avgjer eit 
skilje mellom innanfor og utanfor?

Temaet for årets symposium har ein tydeleg tråd attende til det tradisjonelle seterlivet. Denne måten 
å leve og arbeide var i seg sjølv eit liv på utsida av den etablerte samfunnsstrukturen, der ytre 
impulsar vart redusert i omfang og intensitet innanfor eit avgrensa tidsrom. Her levde budeier,
gjetargutar og slåttefolk i nær kontakt med dyr og natur, i eit miniatyrsamfunn med sin eigen puls 
og rytme, i eit tempo som kan ha bidrege til å fremje opplevinga av fysisk og psykisk velvære.


Følgjande aktørar bidreg ved årets Gåsøysymposium:

Inge Gjevre: Ein av Norges fremste utøvarar av folkemusikk på trekkspel og durspel. Nominert 
til «Folkelarmprisen 2011» for CD-utgjevinga «Blåhimmeldag».

Arnfinn Haram: Domikanarmunk og prior i St. Dominikus kloster, Oslo. Forfattar, etterspurd 
foredragshaldar og aktiv samfunnsdebattant. Prest i Den norske kyrkja før han konverterte til 
katolisismen.

Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen: Med folkemusikken som utgangspunkt har dei 
gjennom meir enn tredve år verka på både tradisjonell og nyskapande grunn. Ei rekkje 
plateutgjevingar, konsertar og turnéar i inn- og utland. Har motteke fleire Spellemannsprisar.

Arnhild Lauveng: Psykolog og forskar ved Akershus universitetssykehus. Har skrive to 
kritikarroste sjølvbiografiar om vegen inn og ut av psykoser: «I morgen var jeg alltid en løve» 
og «Unyttig som en rose».

Jens Haugan: Musikar og komponist av visepop- og rockprega musikk til tekstar av m.a. Olav 
Aukrust, Jakob Sande og Åsmund Sveen. Doktorgrad i norrøn syntaks og informasjonsstruktur. 
Førsteamanuensis i nordisk språk ved Høgskolen i Hedmark.

Trond Klaape-Aasdal: Initiativtakar til Gåsøysymposiet saman med kona Edel. Pedagogisk utdanning. 
Frilansverksemd som litteraturformidlar, kåsør og skribent. Miljøterapeut i Sykehuset Innlandet.


Billettane til Gåsøysymposiet blir lagt ut for sal 10. mai.

Følg med på www.klaape.no og www.facebook.com/klaape for detaljert program og arrangementsinfo. i løpet av våren. 
Sjå førehandsomtale av symposiet i påskeutgåva av lokalavisa Gausdøl'n.

 

 


Poeskikveld


Vis-Knut på Brumund Bedehus fredag 16/3-2012 kl 19:00.



 

"Prikk-Prikk-Strek" - Stange Kunstforening

 

2012_03_02_Poetisk-skitur-13

Flere artikler …

Side 5 av 7

5