Julehelsing

Med takksemd og glede kan vi sjå attende på eit år fylt av fleire vellukka
arrangement, interessante oppdrag og gode møte med menneske som har
utvida horisontane våre. Kontakten med publikum, oppdragsgivarar,
samarbeidspartnarar og støttespelarar, er avgjerande for at vi skal halde fram
med å utvikle kompetanse, tenester og nettverk. Ein stor takk til alle som på
ulike vis har bidrege med støtte og oppmuntringar i året som har gått!

I 2013 er vi sterkt deltakande i markeringa av 100-årsjubiléet til forfattaren
Hans Aanrud. Vi samarbeider med Ringsaker bibliotek om prosjektet
Hedmarking – je?, og skal ut på turné med førestillinga Var eg ein Gud....

10. august går det tredje Gåsøysymposiet av stabelen, med tema og innhald
som vonleg vil engasjere og inspirere til samtale og vidare refleksjon.

10. januar vil heimesida vår bli oppdatert med informasjon og kalender for
2013. Her vil vi i løpet av året kome med jamnlege oppdateringar om
verksemda og arrangementa våre.

Du kan òg følge oss på Facebook: www.facebook.com/klaape 

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt dersom du har innspel og
tankar om samarbeid og felles prosjekt!


Med ynskje om ei signa julehøgtid og eit godt nytt år!

Gode helsingar,

Trond Klaape med familie og medhjelparar

 

Vinterparti fra Gåsøya



Haustkveld

 

VIS-KNUTSTEMNET 2012 

Vis-Knutheimen

Tid: Sundag 26. august kl 13.30

Stad: Vis-Knutheimen i Erlandhusom

Info.: 412 13 168 / 900 42 074
 

Gudsteneste ved sokneprest Steinar Floberg og kantor Filip Gade.

Kulturelle innslag. Servering av kaffi/te. Kollekt.

Samtale om framtidig organisering av verksemda i Vis-Knutheimen.

Ta sjølv med "biteti" til kaffipausa og gjerne noko å sitje på.

 

NB: Pga. dårleg vêrvarsel og høg vasstand i kryssande elv, er den

planlagte pilegrimsvandringa i forkant av Vis-Knutstemnet AVLYST.

 

Vel møtt!

 

Arr.: Vis-Knutheimens venner

 

Plakat-under-Siste-nytt_1

Temaet for årets symposium har ein tydeleg tråd attende til det tradisjonelle seterlivet. Denne måten å leve og arbeide var i seg sjølv eit liv på 
utsida av den etablerte samfunnsstrukturen, der ytre impulsar vart redusert i omfang og intensitet innanfor eit avgrensa tidsrom.
Her levde budeier, gjetargutar og slåttefolk i nær kontakt med dyr og natur, i eit miniatyrsamfunn med sin eigen puls og rytme, i eit tempo
som kan ha bidrege til å fremje opplevinga av fysisk og psykisk velvære.

 

Sal av billettar til dagsprogram og kveldskonsert: Tlf. 412 13 168 | trond@klaape.no

Evt. resterande billettar blir selde ved inngangen. Sjå www.facebook.com/klaape for oppdatert billettstatus.
 

Trykk her for informasjon om aktørar, støttespelarar, overnatting, veg m.m..


 

Program for kulturhelg 30.juni - 1.juli 2012

Flere artikler …

Side 4 av 7

4