Velkomen til seters!

Gåsøyfjøset er eit gamalt seterfjøs, som med enkle grep er gjort om til arena for kulturopplevingar, servering, selskap, kurs, seminar m.m.. Fjøset ligg i setergrenda
Gåsøya i Øvre Svatsum, ein drøy time med bil frå Lillehammer. Vi har aggregatstrøm og moderne AV-utstyr, men har samtidig teke vare på særpreget som høyrer til
eit seterfjøs frå 1800-talet. Lokalet eignar seg for grupper på 10 - 60 personar, og kan skreddarsy innhald og servering for ulike arrangement og målgrupper.
Vi kan leggje til rette for transport og overnatting i nærområdet, og tilbyr opplevingar og aktivitetar frå våre samarbeidspartnarar i Bjørnsonvegen
Klaape Kulturformidling er ansvarleg for drifta, og sesongen strekker seg frå 1. juni til ca 1. oktober.
Ta kontakt på tlf. 412 13 168 eller trond@klaape.no dersom du ønsker Gåsøyfjøset som ramme for ditt arrangement!

Klaape Kulturformidling har òg sine eigne arrangement i Gåsøyfjøset. Følg med på heimesida og Facebook.

Den andre laurdagen i august går det årlege Gåsøysymposiet av stabelen - ein møtestad med fokus på menneske, natur og samfunnsliv. Programmet blir til ut frå eit
definert tema, i samsvar med vår visjon for utvikling og drift av Gåsøyfjøset: I truskap mot tradisjonen, med fokus på notidige forhold og utfordringar, med
forankring i røtene og vidsyn mot omverda, ønsker vi å gje Gåsøyfjøset form og innhald som synleggjer vårt felles ansvar for å verne om alt det skapte.

Gjennom foredrag, kåseri og konsertar, får publikum møte aktørar med høgt fagleg og kunstnerisk nivå. Vi legg til rette for god servering og romslege pausar, og
ønsker at deltakarane skal inspirerast til vidare samtale og refleksjon kring temaet for symposiet.

Årets symposium går av stabelen laurdag 9. august.  Programmet finn du her.

Gåsøysymposiet 2013 kan du lese om her.

ku-p-gsya-fotograf-inge-jostein-findalen    Folkeliv    Interiør Gåsøyfjøset