foto - trond klaape

Klaape Kulturformidling har eksistert sidan 2006, og er eit enkeltmannsforetak som tek hand om den kunstneriske verksemda
til Trond Klaape.

Trond er fødd i 1978 og er busett i heimbygda Svatsum i Vestre Gausdal. Han arbeider i 60% stilling som menighetspedagog i Gausdal og Øyer, i kombinasjon med frilans kulturformidling og gardsdrift. Han voks opp i eit samfunn prega av omgang på tvers av sosiale skiljelinjer, og fekk tidleg interesse for dei ulike tradisjonelle og kulturelle uttrykka som prega det vesle bygdesamfunnet. Særleg kom dette til uttrykk da han i 11-12 års alderen fatta interesse for den lokale songtradisjonen frå Gausdal og Gudbrandsdalen. 

I fleire år var han aktiv utøvar av vokal folkemusikk, og medverka ved konsertar og arrangement fleire stader i landet. Inntrykk og opplevingar frå oppveksten har vore med på å legge grunnlag for Klaape sine interesser innan skjønnlitteratur, historie, samfunnsspørsmål, filosofi og religion.

 

 

 

Som kulturformidlar har Trond fleire interesse- og fokusområde som bidreg til inspirasjon og fagleg fordjuping. Nokre eksempel på desse:

• Skjønnlitteratur som inngangsport til forståing av menneskelege, historiske og samfunnsrelaterte forhold.
Historiske hendingar og fenomen som døropnar til forståing av notidige forhold.
By og land, hand i hand – perspektiv på byen og landsbygda som arenaer for samfunnsbygging og mellommenneskeleg kontakt.
Samanhengen menneske – Gud – natur. Perspektiv på forbruk, miljø og vårt felles ansvar for å ta vare på skaparverket.
Humor og livsglede som kvardagsmedisin.

 

Fotograf: Kai-Otto Melau / Krigsropet