Hedmarking - JE? På leit etter heimstader, språk og identitet.
Ringsaker bibliotek og Klaape Kulturformidling har motteke midlar frå Fritt Ord til formidling av nynorsk skjønn- og faglitteratur.
Prosjektet fell saman med 200-årsjubiléet for Ivar Aasen sin fødsel og Språkåret 2013.
Ringsaker bibliotek si avdeling i Moelv starta som leseselskap i 1813 og feirer 200-årsjubileum i 2013.
Foredraget om møteplassar, samt temakvelden om biblioteket si rolle som demokratibyggjar, er samstundes ein del av denne jubileumsmarkeringa.
24. januar kl. 19.00 – Ringsaker bibliotek, Brumunddal:
MØTEPLASSAR. Søt musikk og freske fraspark.
Med: Andreas Hompland, sosiolog, forfattar og journalist.
12. februar kl. 19.00 – Ringsaker bibliotek, Moelv:
Biblioteket som arena for danning og identitet.
Med: Knut Olav Åmås, kulturredaktør i Aftenposten. Sigmund Løvåsen, leiar i Den norske forfattarforeining.
2. mars kl. 12.00 – Ringsaker bibliotek, Brumunddal:
Nynorsk barnetime. Med: Trond Klaape.
13. mars kl. 18.00 – Veldre Sag Skistadion:
Nynorsk skitur. Med: Mette Westgaard og Trond Klaape.
17. april kl. 19.00 – Ringsaker bibliotek, Brumunddal:
En stann å høre heme – om tettstader, kvardagsliv, stillstand og utvikling.
Med: Agnes Ravatn, forfattar og journalist. Bjørn Hatterud, kunsthistorikar og skribent. Madeleine Cederstrøm, journalist.