Gjennom åra har Trond kome over personar som har inspirert og opna dører til nye tema og interessefelt. Gjennom foredrag og kåseri ønsker han å dele kunnskap og viten om desse personane:

 

Hans AanerudHans Aanrud (1863 - 1953) var fødd i Auggedalen i Vestre Gausdal. Etter ei kort karriere som jusstudent gjekk han over til filologiske studium. Han verka mellom anna som huslærar, kritikar i ulike aviser, teatersjef og litterær dramaturg. Sin litterære debut fekk Aanrud i 1887 med forteljinga Hvorledes Vorherre fik høet til Asmund Bergemellem. Seinare kom fleire novellesamlingar, m.a. Fortellinger (1891), Seminaristen og andre fortellinger (1901) og Fyrabendsarbeide (1921). Mange kjenner Aanrud som forfattar av barnebøkene Sidsel Sidsærk og andre kjerringemner (1903) og Sølve Solfeng (1910). Gjennom komediane Storken (1895), Høyt til hest (1901) og Hanen (1906) gjorde han seg gjeldande som dramatiker. Hans Aanrud blir rekna som ein av dei fremste heimstaddiktkarane våre. Frå oppveksten hadde han eit rikt persongalleri å ta av, og la ofte handlinga til eit bygdemiljø der kvar enkelt har sin naturlege plass og rolle uavhengig av skilnader i sosial rang og status.

 

 

Olav AukrustOlav Aukrust (1883 - 1929) var fødd på Nordgard Aukrust i Lom. Han gjekk lærarskulen på Elverum og verka som lærar ved folkehøgskulane i Dovre og Gausdal. Han var inspirert av Rudolf Steiner og vart tidlig påverka av antroposofi og kristen mystikk. Gjennom diktsamlingane Himmelvarden (1916), Hamar i Hellom (1926), Solrenning (1930) og Norske Terningar (1931) vart Aukrust til dels erklært som eit litterært geni. Språket ber preg av ei litt arkaisk form for nynorsk, og fleire av dikta har innslag av gudbrandsdalsdialekt. Han lét seg inspirere av folkeliv og folketradisjon og skreiv ofte med utgangspunkt i landskapet i nærområda og eigne openberringar av religiøs/spirituell karakter. På denne måten bygde han bru mellom det lokale og det universelle, og var i diktinga oppteken av å sameine det nasjonale og det religiøse.

 

 

Ole-Arnfinn TorgersrudOle Arnfinn Torgersrud (1917 - 1974) var fødd i Østre Gausdal. Som 17-åring fekk han sine første dikt på trykk i bladet Austland, medlemsbladet for den frilyndte ungdomsrørsla. I dette fellesskapet var han aktiv gjennom fleire år og fekk sterke litterære impulsar der. Samstundes kom han tidleg med i den lokale arbeidarrørsla, og var oppteken av å bringe idéar og tankegods frå den kanten. Den tidlige diktinga til Torgersrud er naturleg nok prega av sterk sosial og politisk brodd. Da Nansenskolen starta opp på Lillehammer i 1939 var han elev hjå Kristian Schjeldrup og Anders Wyller. Der møtte han eit større og friare univers prega av humanistiske idear som kom til å få mye å seie for han – både gjennom krigsåra og etterpå. Etter kvart vart han mindre høgtidsstemt i det han skreiv, og i ein produktiv periode etter krigen fann han gradvis si eiga stemme – der bygdelivet var tema i vers og viser. I 1956 kom han med diktsamlinga Det gol ein gauk. Fleire av dikta som ikkje var med her, fekk i 2001 plass i ei nyutgjeving av Det gol ein gauk. Torgersrud verka i fleire år som lærar og journalist. I Dølabladet på Otta utvikla han eit nært og inspirerande venskap med forfattaren Tor Jonsson.